|
Hjartdal Elverk sel ut installasjonsavdelinga.
Dei tilsette overtek Hjartdal Elverk si installasjonsverksemd.
Hjartdal Elverk AS overførte i fjor haust si installasjonsavdeling til eit nyoppretta selskap, Hjartdal Elektro AS. Det nye selskapet blei så selt til 3 av dei tilsette ved avdelinga.
Bakgrunnen for salet var i fyrste rekke dobbeltrolla vi hadde som forretningsverksemd i konkurranse med andre installasjonsverksemder , samtidig som vi har tilsynsmyndigheit gjennom DLE for dei same verksemdene. Sjølv om vi har hatt sterkt fokus på å skilje desse rollene, vil det alltid kunne stillast spørsmålsteikn ved habiliteten i ulike saker. Ved at vi no har selt verksemda, vil vi berre ha kontroll/tilsynsoppgåver mot det nye selskapet på lik linje med installasjonsverksemder elles i vårt konsesjonsområde.
Som fylgje av ulike roller er også rammevilkåra svært ulike mellom ei nettverksemd og installasjonsverksemd, noko som har ført til store utfordringar i høve til lønsomheita i avdelinga. Dette har etter styrets vurdering ført til for stor fokus på drift av installasjonsverksemda sett opp mot andre viktige område i selskapet, der infrastruktur er kjernevirksomheten.
Styret har difor vedteke å avvikle installasjonsavdelinga i Hjartdal Elverk, og selja denne til dei tilsette.
Avtala er underteikna i haust, og det nye selskapet har vore i drift frå 01. september 2010. Etter at alle formalitetar no er gjennomført, er det nye selskapet no godt i gang i leigde lokale i midtbygget på Saulandstunet, der Øyvind Hovde Kaasa er tilsett som dagleg leiar og installatør.
Vi vil takke dei tilsette for sin innsats og eit godt samarbeid gjennom mange år, og ynskjer dei lukke til i det nye selskapet!
Sauland.15.02.2011
Halvor Romme
Tilbake til artikkeloversikten
|
|
|
|