Målaravlesing via SMS til 26166.
Det er viktig at du fylgjer rettleiinga nøye. Du kan bruke store eller små bokstavar men
hugs eit mellomrom mellom kvart ord, tastar du 2 mellomrom vil du få
feilmelding.
Er du ikkje registrera frå før må du
fyrst gjera dette:
Døme: Kundenr. er 1234 og målarnr. er
891011. meldinga vil da sjå slik ut:
Send; hevm start 1234
891011 (NB! ikkje hvem)
(hevm står for h=hjartdal ev=elverk og
m=målar). Kundenr. og målarnr. finn du i kalenderen eller på fakturaen. (Er målar registrera med nullar føre må desse
og takast med). Send så meldinga til 26166 , vent på kvittering.
Når du er registrera sender du målaravlesinga slik
Døme: Målarnr er 891011 og målarstand er
687.
Send; hevm 891011 687 (du
treng ikkje ta med nullar føre avlesinga, hugs eit mellomrom)
Send så meldinga til 26166, vent på
kvittering.
Dersom du ynskjer å stoppe tenesta: Tast: hevm
stopp kundenummer målarnummer.
(Dersom du endrar mobilnr., eller endrar
navn på straumkontrakten må du stoppe og taste tenesta på nytt)
Når tenesta er starta kan du lese av
målarstanden så ofte du vil, og du vil også motta påminning om tid for
avlesing.
|