|
Tarifftilskot 2011 fordelt
NVE har no vedtatt fordeling av tilskot til utjamning av overføringstariffar 2011 som tidlegare omtalt. Hjartdal Elverk vil motta kr 1 211 814 i tarifftilskot. Tilskotet er alt rekna inn i tariffane fpr 2011 med omlag 4,4 øre/kWh, som reduserar nettleiga med 880 kr i året for ein husstand med årleg forbruk på 20 000kWh.
Hjartdal Elverk er på vegne av sine kundar svært nøgde med ordninga, og ser dette som svært god distriktspolitikk. Hovudårsaka til at små nettselskap i distrikta ofte har høg nettleige, er lågt forbruk pr kunde (lite industri, mange hytter) og store avstandar mellom kundane. Tarifftilskotet er difor eit viktig bidrag til at vi kan oppretthalde eit akseptabelt prisnivå på nettleiga også i distrikta.
I Telemark vil også kundane i Drangedal og Rauland nyte godt av tilskotet.
Tilbake til artikkeloversikten
|
|
|
|