Nye standardavtaler kan lastas ned her:

Kraftavtale Privatkundar.pdf

Kraftavtale Næringskundar.pdf

 

KRAFTPRISAR

Nye tariffer for kraftleveranse!

 

Frå og med 1.januar 2006 har Hjartdal kommune sagt opp kraftkontrakten med Hjartdal Elverk AS  om levering av konsesjonskraft. Hjartdal Elverk må difor frå same dato ut i marknaden for å kjøpe inn kraft, da vi framleis ynskjer å være ein totalleverandør på nett og kraft!

Vi vil difor halde fram med kraftlevering til våre kundar, og vil sjølvsagt tilby konkurransedugande prisar også i framtida, og. Men pga endra rammevilkår, må vi endre leveringsvilkåra noko. Frå 01.januar 2006 vil vi difor ikkje kunne tilby dagens tariff (standard variabel pris), men i staden vil vi gje 2 nye tilbod, påslag på marknadspris eller fastpris over 12 månader.

 

Påslag på marknadspris:

Prisen vil variere over året i tråd med marknadsprisen. Marknadsprisen blir fastsett på kraftbørsen Nord Pool, og det er gjennomsnittprisen kvar månad som blir nytta.

Påslaget vil være 1,25 øre/kwh pluss fast årsavgift på kr 250,-. (Inkl mva)

Alle våre kundar som ikkje vel andre løysningar, vil automatisk gå over til denne frå 1. januar 2006.

 

Fastprisavtale.

Du kan også inngå fastprisavtale for 12 månader. Dette vil normalt være ein noko høgare pris, men er sjølvsagt svært fôrutsigbart. Prisen på slike avtaler vil være avhengig av etableringstidspunktet, så ring oss for tilbod!  

Fastleddet er f.t. kr 250 inkl. mva.

 

Sjekk prisane hjå konkurransetilsynet!